Bedriftsutviklingsprisen i landbruket


BU-prisen er eit godt høve til å profilere næringsutvikling i og i tilknyting til landbruk, vinnaren av fylkesprisen og Innovasjon Norge


Då er det snart tid for å tenkje BU-prisen att.

Nytt av året er at vi har

  • Endra namn til Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.
    Dette namnet er meir dekkande i forhold til prisen, og vi kan også behalde den innarbeidde merkevaren BU-prisen
  • Kriteriane tek utgangspunkt i den tredelte bærekraft definisjonen + innovasjon/nyskaping

Opplegget elles blir som dei siste åra med utdeling av den nasjonale prisen i Berlin i samband med IGW, og at dei 3 nominerte med gjester og representantar for dk vert invitert til Berlin og IGW.

Tidsplan:

  • 19. januar 2017: Utdeling av nasjonal BU-pris i Berlin
  • Primo November 2016: Nominerte og vinnar nasjonal pris beslutta av LT
  • 7. oktober 2016: Fylkesvinnarane må vera innmeldt til avdeling for biobaserte næringar v/ kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no
  • 22. august: Frist for å melde seg elektronisk som kandidat via heimesida
  • Etter 22. august vert det oppmoda om å ta kontakt med det enkelte dk for å undersøke om ein framleis kan melde seg som kandidat.
    Følgjande skjema kan då evt. nyttast til å melde seg som kandidat.

Annonsering:

Oppslag på heimeside og elektronisk påmeldingsskjema er publisert på http://www.innovasjonnorge.no/bu-prisen2016/ .

DK som brukar lokallaga til bondelag/bonde- og småbrukarlag til å rekruttere kandidatar melder om god respons.

Registrering:

Elektroniske påmeldingar/søknader blir mottatt av dokumentasjonssenteret i Oslo som registrerer dei i ePhorte på ei saksmappe for kvart fylke.  

Eventuell korrespondanse, tilleggsdokument ol. med søkjarane må følgjast opp på saksmappa frå kvart enkelt kontor.

NB! Kvart kontor må melde inn til ds@innovasjonnorge.no kven som er kontaktperson for bu-prisen.

Innmelding av fylkesvinnarar til avdeling for biobaserte næringar:

For å sikre mest mogleg einsarta presentasjon av dei fylkesvise vinnarane, skal innmeldinga av fylkesvise vinnarar skje etter følgjande mal (NB! Særskilt viktig no pga kortare fristar):

  1. Kort om prosess og jury
    - korleis er det rekruttert kandidatar
    - tal kandidatar
    - samansetting jury
  2. Beskrive vinnaren av fylkesprisen etter følgjande mal:
    - namn på bedrift, adresse, org.nr. og evt. heimeside
    - namn på innehavar/dagleg leiar og evt. styreleiar
    - kort presentasjon av bedrift
    - omsetning siste 2 år
    - driftsresultat siste 2 år
    - sysselsetting, herunder kvinner og ungdom
    - INs engasjement i bedriften, spesisert på år, type engasjement og virkemiddel/beløp
    - vurdering i forhold til kriteriene
  3. Når er prisen planlagt delt ut
    Gi beskjed til avdeling for biobaserte næringar når det er offentleggjort kven prisvinnaren er og når prisen vert ut slik at vi kan publisere det på samla oversikt på heimesida.
    Denne oversikten er mellom anna etterspurt frå media.

Innmeldinga skjer pr e-post til kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no

Utdeling fylkespris

BU-prisen er eit godt høve til å profilere næringsutvikling i og i tilknyting til landbruk, vinnaren av fylkesprisen og Innovasjon Norge. I samband med utdelinga av fylkesprisen oppmodar vi om:

  • Lag pressemelding og inviter pressa til utdelinga
  • Inviter gjerne også rådmann/ordførar frå heimkommunen til vinnaren samt landbruks­direktøren hos fylkesmannen
  • Lag oppslag på heimesida til distriktskontoret
    Send melding med lenke til Biobaserte næringar ved kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no
  • Sørg gjerne for gode bilete (og i høg nok opplysing) i samband med utdelinga som kan nyttast i samband med presentasjon av dei nominerte ved utdelinga av den nasjonale prisen

INNOVASJON NORGE




Sist oppdatert den 30.jun.2016


Tips en venn Skriv ut